tirsdag 20. mars 2012

Det ideelle turbrødet

Eg fann ei oppskrift på turbrød på nettet som hevda at brødet smakar betre enn andre brød, held seg i to månader i romtemperatur, ikkje vert deformert i ryggsekken og har eigenvekt som vatn. Dette ville eg testa tenkte eg.

Oppskrifti er som følgjer:

1,25 kg grovt sammalt kveite
0,5 kg fin sammalt kveite
0,5 kg semulegryn
0,25 kg rugmjøl
2 ms salt
250 g hakka, turka hasselnòtkjerner
250 g hakka, turka aprikosar

Bland alt det turre og varm det følgjande til det er lunke.

300 g smelta margarin
200 g sirup
250 g sukker
1L mjølk

Deigen kjevlar ein ned i to smurde langpanner. Steik eitt om gongen i 55 min ved 180 grader.

Brødet er svært hardt og vert difor ikkje deformert. Som ein ser av bilete har brødet tilnærma same eigenvekt som vatn (mjølkekartongen på bilete er tom). For å testa korleis brødet heldt seg i romtemperatur let eg brødet liggja i skåpet berre innpakka i matpapir. Etter tre veker var det knallhardt, men etandes. Eg var i utgangspunktet skeptisk men det gjekk greit å fordøya. Med hjelp av programmet Mat på Data, laga av Mattilsynet, har eg kome fram til at denne oppskrifti gjev ca 14.500 kcal. Det ferdige brødet (ei langpanne) vog ca 2 kg. Det vil seia at 1 kg brød inneheld 3600 kcal. Til samanlikning inneheld kjøpebrødet K4 Sport 2380 kcal. Ein annan skilnad frå kjøpebrød er at turbrødet er mykje meir kompakt og tek dermed mindre plass i sekken, samstundes som ei skive inneheld mykje meir energi samanlikna med kjøpebrød. Dersom ein deler eit brød i ei langpanne i 16 skiver vil kvar skive innehalda om lag 450 kcal. Brødet smakar ein mellomting mellom brød og kake. Det er difor mykje betre å maula enn vanleg brød.

Næringsinnhald per 100 g (Mat på Data): 7,9 g protein (11 E%), 9,6 g feitt (28 E%), 44,7 g karbohydrat (61 E%)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar