Ein er ikkje ute på tur heile tida. Det er eit pensum som må lesast innimellom turane. Ein del av pensumet er praktisk orientert. Andre tekstar har filosofisk innhald.
Desmond Morris hevdar at byen er like bra for menneske som eit zoo er for dyr... For urbane personar verkar dette rart, men so har desse kanskje aldri vore utanfor den urbane settingi. Peter Martin deler forholdet mellom menneske og natur i stadiar. På nedste nivå er dei som er totalt framandgjorte i møte med naturen. På øvste nivå finn ein naturfolk som bur og lever av naturen og som kan seiast å vera ein integrert del av naturen. Dei fleste har høyrt om Arne Næss, men kva han stod for trur eg det er få som veit. Kanskje det er fordi bodskapen hans er på kant med det etablerte synet på verdi. Han meiner nemleg at alt liv har ein eigenverdi. Menneske har difor ikkje rett til å øydeleggja naturen anna enn til vitale behov. Næss såg at me i dag overutnyttar naturen og at veksten må stagnerast. Ein annan raring me ser på TV av og til, er leiaren i Framtida i våre
hender. Her ser me han desperat og utan og lukkast prøva og fortelja
politikarane at ein ikkje kan veksa inn i himmelen. Innbyggjartalet i Noreg har nådd 5 millionar og dette vert feira. Men at
folketalet i Noreg og verda aukar, gjer òg at presset på naturressursane
stadig aukar. Thor Heyerdahl lurte på kvifor sivilisasjonen som bygde
dei berømte statuane forsvann. No har dei funne ut at det var fordi
innbyggjarane hogg ned all skogen. Dei sparka altso vekk stolen under
seg. Forskarar meiner at menneske genetisk er programmert til å tenkja
kortsiktig. Ein skal vera optimist for å setja born til verda.
Det er slikt ein kan undra seg over når ein studerer friluftsliv på NIH.
NIH STUDENT FRILUFTSLIV
lørdag 30. juni 2012
mandag 25. juni 2012
Kunnskap
Å gå ein liten tur er ikkje det same som før. Går eg forbi ei bjørk, tenkjer eg at never er bra som oppfyringsved og at bjørk gjev godt med kol på bålet. Treet er fint å laga teiknstiftar av. Om våren kan ein tappa sevje av bjørk. Ser eg ei furu tenkjer eg på at ho produserer kvae som kan gje tyritopp eller tyrirot. Dessutan er ei turr furu eller gran bra ved. Av barnålene kan ein laga ein c-vitaminrik te. Eit seljetre er glimrande å laga seljefløyter av, rogn og or er bra emner til makkstong. Einer er hardt og seigt og eit veleigna spikke-emne, dessutan luktar den godt. Ein kan til og med laga fiskekrokar av einer. Og enda har eg berre skrive om tre...
torsdag 21. juni 2012
Ein skal ikkje eiga meir enn ein kan få med seg opp i eit tre...
Kven som er opphavet til utsegni "Ein skal ikkje eiga meir enn ein får meg seg opp i eit tre" veit eg ikkje, men det er ei utsegn som får ein til å tenkja over kva som er viktig for ein.
Eg ville teke med meg:
Paraglider
Nødskjerm
Seletøy
Hjelm
Vario
GPS
Jervenduk
Liggjeunderlag
Sovepose
Lakenpose
Ullundertøy
Skalbekledning
Lue
Vottar
Kniv
Kompass
Kart
Teip
Tau
Fyrstikker
Spork
Kopp
Mat
Kokeutstyr
Eg har testa og eg får alt dette med meg.
Kva ville du ha teke med deg opp i eit tre?
Eg ville teke med meg:
Paraglider
Nødskjerm
Seletøy
Hjelm
Vario
GPS
Jervenduk
Liggjeunderlag
Sovepose
Lakenpose
Ullundertøy
Skalbekledning
Lue
Vottar
Kniv
Kompass
Kart
Teip
Tau
Fyrstikker
Spork
Kopp
Mat
Kokeutstyr
Eg har testa og eg får alt dette med meg.
Kva ville du ha teke med deg opp i eit tre?
søndag 17. juni 2012
Tryggleikskurs
Glir langsamt ut over Sognefjorden. Tenkjer på kva eg skal gjera. Godt utover fjorden "dreg eg øyrer". Tek eit langt andedrag og bremsar ned farten til vindsuset nesten blir borte. Like før no. Bankar venstre styrehandtak so langt ned eg kan, medan eg slepp opp høgre. Venstre vingehalvdel kollapsar og eg susar rundt min eigen akse. Etter ein heil runde slepp eg opp styrehandtaki. Vingen rettar seg opp og skyt frampå. Eg er klar til å bremsa og slepp opp att for å la vingen fly. DET kjendest ut som spinn. Må berre gjera det same på motsett side... Tenkjer på det lærarane på friluftsliv seier, at ein skal tora og utfordra seg sjølv. Dette må vel vera å utfordra seg sjølv.
Tryggleikskurset i paragliding skal gjera folk til tryggare pilotar. Oslo paragliderklubb arrangerer kurs i Aurland kvar vår og haust. Utsikten er spektakulær, men dei færraste er i stand til å nyta utsikten medan kurset pågår.
onsdag 13. juni 2012
Kano
søndag 3. juni 2012
Kystkurs
onsdag 30. mai 2012
Nattpadling
Ferdi gjekk vidare inn i sundet mellom Østre og Mellom Bolærne og rundt sundet inn i Nordvika. Her var det merkbare dønningar men det gjekk greit sjølv i mørket å koma i land. Leiren til dei andre var i nærleiken so lyktene vart slått av. Oppå restane av eit murbygg som no var grasmark fann dei teltleiren. Oluf tok leiingi og bad alle fordela seg på kvart sitt telt og løysna teltpluggane til bardunane. Gunnar tok ei plasttønne som stod utanfor murane og sette føre inngangen til det eine teltet. Janne tok årene som sto opplent inntil muren og byrja å stabla over teltinngangane. Det ville bli eit leven når dei andre stod opp.
Eg kan opplysa om at Oluf nokre dagar seinare fekk både kajakken og turrdrakti si full av vatn. For å unngå faren for ytterlegare represaliar er alle namn fiktive.
Abonner på:
Innlegg (Atom)